Link tilbake til startsida Link tilbake til startsida
Nyhende
Program
Praktisk
Festivalen
Frivilleg
Kontakt

Ser fram til Fanthomas
Animation Volda-sjefane Kurt Vadset og Sven Giske er særs nøgde med å kunne presentere eit av dei absolutte høgdepunkta under årets festival, nemleg den animerte suksesserien ”Fanthomas”.

- Fanthomas har denne våren gjort stor suksess på VGTV, og er sett av om lag 400.000 menneskje i gjennomsnitt kvar fredag. Vi er utrulig glade for at vi får vise episodar frå Fanthomas, og trur mange vil møte opp på Rokken laurdag den 20. September for ein god latter, seier Giske.

Tidlegare Volda-student Rasmus Sivertsen har regien på serien, og mange av dei involverte animatørane har bakgrunn frå Volda. Serien handlar om den eksentriske stylisten Jan Thomas og hans alter ego, superhelten Fanthomas. Saman med si høgre hand, kjærasten Christoffer, kjempar vår mann mang ein kamp mot ”skurkar” som Anne Kat. Hærland, Petter Stordalen og Alexander Rybak. Under visninga av Fanthomas, vil Rasmus Sivertsen vere til stades for å fortelje litt om suksessen, framtidige episodar og planane om ein eventuell Fanthomas-film.

Til toppen

Egil Olsen spelar under opninga
Torsdag 17. september opnar Animation Volda 2009. Opninga inneheld talar, opningsfilm og sjølvsagt god underhaldning. Den lokale animatøren og singer/songwritaren Egil Olsen frå Ørsta skal stå på scena torsdag, og vil spele fire-fem songar. I tillegg vil ørstingen vise ein av sine eigne animerte musikkvideoar.

Etter det han sjølv kallar ei sjeleferd i USA, kor Olsen spelte i blant anna San Francisco og Hollywood, reiste han heim til Noreg for å spele inn sitt første album ”I am a singer/songwriter” i 2007. Artisten sjølv beskriv musikken på plata som nært, personlig og nakent, med et snev av både mørke og humoristiske element. Han har også laga animerte musikkvideoar til nokre av sangane, blant anna til ”Singer/songwriter”. Denne videoen vann pris for beste norske musikkvideo under kortfilmfestivalen i Grimstad.

Styret i Animation Volda er stolte av å få besøk av Egil Olsen, og håper mange finn vegen til Samfunnshuset torsdag 17. september.

Til toppen

Vi ønskjer fleire frivillige
Frivillig under Animation Volda?

Vil du vere frivillig under haustens mest fargerike festival? Animation Volda er basert på frivillig arbeid frå studentar og ansatte ved Høgskulen i Volda, og treng eldsjeler i fleire verv.

Du kan jobbe med PR og informasjon, kor oppgåvene går ut på å sørgje for at Animation Volda får positiv mediedekning både i vekene før og under festivalen. Vi treng skrivekyndige studentar som kan skrive for programbladet vårt, samt skrive pressemeldingar til lokale og riksdekkjande medier. I tillegg går vervet ut på å henge opp plakatar og legge til rette for dei ulike arrangementa under festivalen, som til dømes kortfilmprogram og seminar. Det kan også hende du må svare på spørsmål frå journalistar som treng informasjon om festivalen.

Vi treng også frivillige i vårt gjesteteam. Både tidlegare studentar og inviterte gjestar vitjar Volda desse festivaldagane. Dei sit på mange spørsmål om program, turmoglegheiter, overnatting og uteliv. Det er viktig at vi tek vare på gjestane våre når dei er på festival i vakre Volda. Difor skal vi leggje oss i selen for at dei får tre fine dagar på Sunnmøre med gode filmar og opplevingar. Dei inviterte gjestane har kanskje behov for transport til og frå flyplassen, så frivillige med bil er ikkje å forakte.

Det er også mogleg å jobbe med det tekniske. Dette er ei særs viktig oppgåve under festivalen, men ikkje så vanskeleg som ein kanskje trur. Teknisk crew skal på førehand sjekke om filmane spelast av utan problem, samt ha ansvar for at filmane vert avspelt under festivalen. Teknikarane vil få kyndig og god opplæring av teknisk ansvarleg.

Vil du heller stelle i stand hagefesten? Vi treng partyfiksarar også! Det vert tradisjonen tru arrangert hagefest for gjestane, med god mat og drikke som ein viktig ingrediens. Her treng partysjef Lea Vidakovic hjelp med å handle, lage mat og sjølvsagt pynte.
Elles treng vi folk til andre oppgåver, som rydding, billettsal og diverse.
Alle frivillige får t-skjorte og festivalpass!

Spørsmål om verva? Kontakt Sven Giske på 480 93 734 eller sven.giske@gmail.com

Til toppen

Prisvinnar til Volda
Under årets festival får publikum høve til å sjå meget gode kortfilmar frå heile verda. Bolken ”Director`s Choice” består i hovudsak av filmar festivalsjefane Sven Giske og Kurt Vadset har tatt med seg heim frå animasjonsfestivalen i Annecy. Ein av filmane på programmet, er den amerikanske filmen ”Western Spaghetti”, regissert av PES. Denne stakk av med publikumsprisen i Annecy, og vi er meget stolte over å få vise den.

”Director`s Choice” består også av andre godbitar, som blant anna den hysterisk morosame ”Fantaisie in Bubblewrap”, som Arthur Metcalf frå USA har regien på.

Til toppen

Verdifullt produsentseminar
Fredag formiddag får Animation Volda besøk av internasjonalt anerkjente produsentar, som skal fortelje litt om korleis produsentane si rolle er. Dette er noko animasjonslinja ved Høgskulen i Volda ikkje går så nært inn på, så det kan vere greitt for studentane å få kjennskap om produsentrolla gjennom dette seminaret.

Hovedmålgruppa for seminaret er animatørar som er ganske ferske i bransjen og vidarekomne studentar, sjølv om denne posten på programmet også er interessant for andre. Eit hovudtema for seminaret vil vere: 'Kva gjer ein animasjonsprodusent og kvifor treng eg ein produsent?'.

Seminaret arrangerast fredag 18. september i Lille Auditorium ved Berte Kanutte-huset, og bekrefta foredragshaldarar er britiske Andy Frain og japansk-amerikanske Maki Terashima-Furuta. 49 år gamle Frain er mannen bak Touchwood Animation Ltd., men han har også vore innom Island Visual Arts, kor han produserte og distribuerte musikkvideoar og konsertar for stjerner som U2 og Bob Marley. Andy Frain har også erfaring frå selskapet Manga Entertainment, som han trakk seg ut av i 1995, like før han etablerte Touchwood Animation.

Andy Frain har også vunne ein pris for sitt arbeid, nemleg BAFTA Animation Award i 2004 for animasjonsserien ”Brush Head”.

Maki Terashima-Furuta er visepresident i selskapet Production IG. Ho har blant anna produsert ”Innocence”, som vann Orient Express Award i 2004, og som blei nominert til Gullpalmen under den internasjonale filmfestivalen i Cannes. 38 år gamle Terashima-Furuta har også produsert TV-serien ”Rabu Hina”.

Produsentane får om lag 30 minutt kvar til sitt foredrag. I tillegg skal det visast ein film produsentane har jobba med.

Styret for festivalen jobbar per dags dato med å få tak i ein tredje produsent til seminaret.

Til toppen


Lenkjer:

Følg oss på Facebook!

Lenkje til Hivolda side nettsider